Stabil drift gir nok eit godt halvårsresultat for ferjeselskapet Fjord1, som opererer sambanda i Sandvikvåg, går det fram av ei fersk pressemelding.

Fjord1 fekk eit resultat etter skatt på 229,4 millionar kroner i første halvår 2018 av ein
omsetnad på 1 505,5 millionar kroner.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er spesielt tilfreds med resultatet for første halvår; i ein periode kor det er tatt levering av fem fartøy, og starta opp tre nye samband.

Fjord1 er no godt i gang med omstillingsprosessen i frå tradisjonelle dieselferjer til elektriske ferjer. I 2020 vil 28 elektriske ferjer vere i drift, som ein del av konvertering frå konvensjonell til elektriske ferjedrift.

– Det er samtidig stor aktivitet på anbodssida. Fjord1 har delteke i fleire store anbod så langt i år, og fleire store anbodsprosessar vil kome i løpet av hausten, fortel Neteland.

Mot slutten av året får Fjord1 levert ytterlegare fem ferjer; der to ferjer skal operere på strekninga Brekstad-Valset, og tre ferjer skal mellom anna skal operere på sambandet Hareid-Sulesund.

– Nybygga er med på å elektrifisere den norske ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere ein leiande aktør innan det grøne skiftet, seier Neteland.

Om Fjord1:
Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i selskapet.