Håkon C Hartvedt ønskte alle velkomne og sa at det er kjekt for Fitjarposten å kunne gi ut ei ny bok, og mange  var sessa i Seniorsalen torsdag ettermiddag.

Håkon intervjua Bjarne og det kom fram at skrivinga starta midt på nittitalet etter at sonen Kjell Anker stilte spørsmål om tilhøva i Korsvikjo i gamle dagar. Nokre år seinare kjøpte Bjarne pc og skrivelysta auka på. Han har tidlegare fortalt at han tenkte det kunne vere interessant lesnad for etterkomarane. Men etter kvart har stoffet også blitt presentert for sambygdingar, blant anna i Årbok for Sunnhordland og Fitjarposten. Elles har han formidla barne- og ungdomsminne  på eldretreff i Øvrebygda fleire gonger.

Håkon understreka at boka på 184 sider inneheld både humor og dramatikk og gir lesarane verdifull informasjon om levekåra på eit lite bruk i Korsvikjo utan vegsamband, elektrisk ljos og telefon frå 1930-talet og framover. Mange er nok samde med Håkon når han seier at boka er lokalhistorie på sitt beste. Fitjar sogelag var med og arrangerte boklanseringa, og leiar Bård Inge Bø hadde allereie funne ut at boka med sine mange korte kapittel var godt eigna til høgtlesing i ulike fora. – Eg vil lese ho for ungane våre, sa han.

Ordførar Wenche Tislevoll er både nabo og i slekt med bokskrivaren. Men ho representerte kommunen og overrekte ei blomehelsing som takk for dei mange gode historiene som Bjarne formidlar i boka si, historier frå verklegheita. – Det er viktig at desse ikkje blir liggjande i ein skuff, sa Wenche, og takka forfattaren og Fitjarposten sin redaktør.

Boka med tittel Minne frå ei svunnen tid vart signert av Bjarne, og mange nytta høvet til eit bokkjøp. Det er ei velskriven bok der Bjarne blant anna fortel så utruleg vakkert om mor som var sentrum i heimen. Elles er det berre å oppfordre til bokkjøp og nyte lesnaden om familieliv, jordbruk og fiske, militærteneste, skulegong og det einaste kulturtilbodet som fanst den gongen.