Måleriutstillinga til Leif Hedman og Jørund Fjøsne i Galleri Losjen trekte fullt hus då ordførar og jazzmusikarar sørgde for ei flott opning i dag.

Musikar og ven Helge Haaland stod for opninga då han saman med to musikarkollegaer framførte tre vakre jazzlåtar. Med «Dindi», «My heart belongs to Daddy» og «My Treasure» sette Helge Haaland på kontrabass, trompetist Jostein Bøyum og jazzvokalist Wenche Bruun Lien stemninga for godt over 50 kunstinteresserte frå fjern og nær.


Jazzvokalist Wenche Bruun Lien set stemninga, saman med Jostein Bøyum på trompet og Helge Haaland på kontrabass. Foto: Kjetil Rydland.

Ordførar Wenche Tislevoll helsa med ein vel førebudd og tankevekkjande tale då ho stod for den offisielle opninga. Ho la vekt på at dei lokale kunstnarane våre har eit vidt spekter, og at Fitjar kommune har hatt stor nytte og glede av begge to. Ho trekte blant anna fram ordførarkjedet, som er designa av Jørund Fjøsne. Eit av dei finaste i distriktet vårt, meinte ho.

Måleria og skulpturane vekte stor interesse blant publikum, dei fleste tilreisande. For Jørund var dette første utstillinga i Fitjar. Han stilte ut skulpturar i stål, kopar, tre og keramikk. Leif Hedman har stilt ut i Fitjar før, denne gongen bilete i akryl og i relieff. Dei mange gjestene såg ut til å lika det dei såg, og kunstverka hausta mange lovord. Det såg òg ut til at salet var bra.

Spesielt verka det som om måleriet «Legekontoret» av Leif Hedman tiltrekte seg merksemd. Det same gjorde skulpturen av den skumle dama «Sabiba» av Jørund Fjøsne.


Publikum, og ikkje minst Ingolv Rimmereid, let til å lika Hedman-måleriet «Legekontoret». Foto: Kjetil Rydland.

Dei som ikkje fekk med seg opninga i dag, kan gle seg over at utstillinga blir open i ei veke framover, kvar dag til og med neste laurdag.


«Alle var stivpynta» av Jørund Fjøsne. Foto: Kjetil Rydland.