-Eg er takksam for at eg fekk vere her på Fitjar i den siste visitasen min, sa biskop Ole D. Hagesærther under visitasgudstenesta i dag, der han uttrykte stor glede over det han har fått oppleve i Fitjar sokn.

-Eg sit igjen med eit inntrykk av at kristendomen har sete seg fast i genene til folket her, og dette pregar verdival og livssyn på ein svært positiv måte. Eg har opplevd det både under barneskulegudstenesta, i songen og ikkje minst i møtet med Bakken barnehage, som må vere ein av dei mest veldrivne soknerådsbarnehagane i heile bispedømet. Og eg kjenner stor takk, også til tidlegare generasjonar, som har lagt grunnlag for mykje av det me ser i dag.

Som menneske er me sårbare. Difor er bodskapen min: Elska kvarandre. Splid og strid er vonde ting. Eg tenkjer ikkje då på at ein har forskjellig syn. Det kan me leve godt med, om det ikkje er vranglære som bankar på. Men eg tenkjer på personlege motsetnader som dukkar opp. Det er ei utfordring me må gjere noko med.

På 90-talet var det ei rik og signingsfull vekkjing her i bygda. Ei vekkjingstid som vart til stor velsigning for mange. Etterpå kjende nokre seg overkøyrde, og det vart vonde tak både for dei og andre. No har ein funne fram til semjing. Sterkare enn nokon annan plass i bispedømet, ser ein korleis kyrkja og bedehuset høyrer saman her. Bedehusfolket er òg dei mest trufaste kyrkjegjengarane i Fitjar sokn, og soknerådet sitt arbeid hadde vore veldig klypt utan bedehusarbeidet. Arbeidet på bedehusa er`i det heile ein svært viktig del av kyrkja sitt trusopplæringsarbeid.

Samstundes trur eg det er rett å tale om ei stille vekkjing ved nattverdbordet i kyrkja. Nye har på denne måten komne med, og har teke på seg kyrkjelege oppgåver, sa biskop Hagesæther, mellom anna.

Han uttrykte vidare at han var beigeistra og stolt over arbeidet til diakoninemnda, at det var flott at det var eit skulelag i bygda – og vona det ville ordne seg med musikalsk leiar i kyrkjelyden, ungdomar som kan gå inn som leiarar i ungdomsarbeidet -og sekretær på prestekontoret. -Mange stader har det fungert godt at ein "ung" pensjonist har tatt på seg eit slikt kontorarbeid, sa han.

I slutten av gudstenesta gav Ole Christian Ottestad til beste ein utruleg vakker saxofon-sekvens, og Osternes Mannskor runda samlinga i kyrkja på ein vakker og verdig måte.

På bedehuset etterpå var det helsingar både frå ordførar, soknerådsleiar, sokneprest og prost, og biskopen fekk med seg både gode ord og gåver, mellom anna eit par fitjarladdar, laga av Hilma Lønning.

Om visitasen no er ferdig, kjem vi endå ein gong til å få vitjing av biskop Hagesæther i Fitjar, før han sluttar. Han kjem nemleg til Hatlevikbasaren som talar, første laurdagen i juli.