A-laget til Fitjar greidde som venta ikkje å hamla opp med Lysekloster i bortekampen fredag kveld, men 0-3 mot den suverene puljevinnaren må seiast å vera godkjent.

Fitjar reiste fredag til Os og bortekamp mot den suverne puljevinnaren Lysekloster. Eit lag som har tatt 61 av 63 mulige poeng så langt, og med karantene og forfall frå fleire sentrale Fitjar-spelarar frykta ein at det kunne bli ein tøff kamp for Fitjar-gutane. Laget gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon med mål om å gjera det vanskeleg for raske og teknisk gode Lysekloster-spelarar, og å «kjøra» raske overgangar når mulighetene var der. 

Etter 6 minutt «sov» Fitjar på ein kort corner, og Torbjørn Birkelund kan setja inn 1-0 frå kort hald. Lysekloster er etter dette det førande laget, men dei slit med å finna opningar gjennom Fitjar sin hardtarbeidande midtbane. Fitjar er farlege på kjappe overgangar, spesielt høgrekant Leif André Tangen skaper mykje med farten sin. Geir Steffen Tranøy blir spelt åleine igjennom med Lysekloster sin sisteskanse, men kjem litt for tett på, og skotet går i kroppen på keeper. Etter 35 minutt legg Lysekloster på til 2-0 på eit fint skot frå 20-25 meter. 

I andre omgang «dett» tempoet i kampen, og Fitjar-gutane har ikkje same trøkk i overgangane. Lysekloster legg på til 3-0 etter snaue timen, eit resultat som og blir sluttresultatet. Med kun 12 disponible utespelarar til kampen, av dei tre gutespelarar, skal laget ha skryt for innsatsen dei legg ned. Spesielt midtforsvaret med Helge Træet og Andreas Torland og midtbanespelar Kjell André Thorland gjorde ein solid jobb, seier A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker. Han seier seg rimeleg bra fornøgd med kampen, for Lysekloster er eit sterkt lag, som har rykt opp tre år på rad. Dei er sponsa av Trond Mohn og har store ambisjonar for åra som kjem. 

No gjenstår berre ein kamp av sesongen for A-laget til Fitjar, søndag 16. oktober heime mot Trott.