Kristian Skumsnes inviterer til grendamøte på Osternes skule. Arkivfoto

Kristian Skumsnes får kjøpa Osternes skule.

I 2017 bedde Osternes grendalag om å selja Osternes skule, fri for klausular om gjenkjøp frå Fitjar kommune. Fitjar kommune gjekk med på dette, men me atterhald om at dei skulle få godkjenna kjøpar, og at overskotet skulle nyttast til gode for lokalsamfunnet i Osterneset.

5.april varsla grendalaget om at dei selte skulen til Kristian Skumsnes for 85 000 kr, med plan for overskotet.

Fitjar kommune har sidan fått brev frå Sverre Sandvik. Han ber kommunen ta atterhald om at ved eventuelt vidaresal av tomten må GB 78/1 ha forkjøpsretten til tomten. Han oppgjer som grunn at eit vidaresal kan få store negative konsekvensar sidan tomten ligg midt inne i eigedommen 78/1. I tillegg hevdar han at kjøpekontrakten frå 1928 var inngått før forkjøpsrett var vanlig prosedyre ved tomtesal.

Administrasjonen rådde formannskapet til å godkjenna Kristian Skumsnes som kjøpar, og ikkje imøtekomme førespurnaden i frå Sverre Sandvik. Det ligg ikkje ein klausul om forkjøpsrett i den opphaveleg frådelinga, eller krav i frå kommunen i det dei vedtok i 2017.

Formannskapet diskuterte saka i dag. Ein skrivefeil i sakspapira gjorde formannskapet usikre på vedtaket, men representant Dagfinn Brekke (KrF) sjekka raskt opp i dette, og ein fekk fiksa gardsnummeret slik at det stemmer i vedtaket.

– Når eg ser merknaden frå Sverre Sandvik, so lurer eg på om fleire er interessert i tomta, kan me få sjekka opp i det, lurte Sigurd Andre Maraas (Frp) på.

Rådmann Olaug Haugen svarar raskt at kommunen ikkje veit om det var fleire interesserte, og at kommunen sitt vedtak frå 2017 gjer at dei berre skal godkjenna grendalaget sitt framlegg til kjøpar.

- Annonse -

Formannskapet godkjente samrøystes Kristian Skumsnes som kjøpar, men krev at Skumsnes tek kostnaden med å omregulera tomten frå offentleg tenesteyting, som den er i dag.