Ordførar Wenche Tislevoll kan gle seg over gode tal for Høgre. Ap, KrF og Frp  kjem òg godt ut i valmålinga Norfakta har gjort for Bladet Sunnhordland.

Høgre gjorde eit brakval ved sist kommuneval, og dei har ikkje tapt meir enn 2,5 prosent i høve til valet då. Ap har framgang på landsbasis, og dette slår òg ut i den kommunale målinga. I høve til sist val har dei ein framgang på 4,7 prosent. KrF kan gle seg over at dei held stillinga med berre 0,2 prosent tilbakegang. Frp har ein liten framgang på 1,6 prosent.

Her er tala for veke 32, 2015

Ap       19,8 % (+4,7 %)       4 mandat       3 mandat   i 2011

Frp        8,1 % (+1,6 %)       1 mandat        1 mandat    i 2011

H         38,1 % (-2,5 %)        7 mandat       7 mandat   i 2011

KrF      25,1 % (-0,2 %)        4 mandat       4 mandat   i 2011

Sp       6,7 %   (-3,4 %)        1 mandat         2 mandat   i 2011

SV       2,1 %                        0 mandat       0 mandat   i 2011

 

Sjå òg sunnhordland.no og i dagens papirutgåve av Sunnhordland.