Det er lett å sjå seg blind på manglande C-ferje avgangar. I andre undersøkingar kjem Halhjem-Sandvikvåg-sambandet svært godt ut.

I alle høve gjeld dette når ein undersøkjer kor mange bilar som i gjennomsnitt må stå att på dei ymse ferjeleia når ferja går.

Opplysningskontoret for Veitrafikken har sjekka dei største vegstrekningane og laga ei oversikt over sambanda der det er sannsynleg at bilistane må vente for å koma med.

Verst er det på strekninga Moss – Horten, og før Halhjem – Sandvikvåg kjem på lista, er det over 100 ferjesamband der tala er dårlegare.