I ein levekårsstatistikk frå Statistisk Sentralbyrå kjem Fitjar godt ut. Litt dårlegare enn Bømlo, men mykje betre enn Stord. Undersøkinga går på korleis dei einskilde kommunane er å bu i på mange felt, og ut i frå dette er det laga ein faktor som er om å gjera å få lågast mogeleg. For Fitjar er denne faktoren på 3.0, medan Bømlo har 2.8, Kvinnherad 3.8 og Stord 5.2, til samanlikning.