Fitjar kommune kjem etter måten godt ut på «kommunebarometeret» der me er rangert som nr. 3 i Hordaland og nr. 44 i landssamanheng. Det er ordførar Harald Rydland som nemner dette i bloggen sin.

Han viser til «Kommunal Rapport», som er Kommunenes Sentralforbund si avis. Det er dei som arbeider ut kommunebarometeret. Her vert dei 430 kommunane i Noreg rangerte etter kor god tenesteproduksjon dei har, sett i forhold til inntektene dei har til disposisjon.  D.v.s kor mykje tenester dei får ut av kvar krone. Sjølv om det kan vera feil i all statistikk, meiner Kommunal Rapport at deira barometer er ganske treffsikkert og gjev eit godt bilete av kor godt ein kommune vert driven.

På grunnlag av tala for 2010 ligg såleis Fitjar kommune på 44.-plass av alle kommunane i landet. I Hordaland ligg Fitjar på 3.-plass, litt bak Sveio og Fusa.

Rydland fortel vidare at det kommunane vert målt på i denne undersøkinga er m.a. grunnskule, pleie og omsorg, barnehage, økonomi og administrasjon. Det vert delt ut karakterar frå 1 til 6. Fitjar får karakteren 6 for pleie og omsorg og 5 for grunnskule, barnehage og økonomi.

Saman med 71 andre kommunar i landet har Fitjar fått samlekarakteren 6. Dei 70 kommunane som kjem dårlegast ut i rangeringa har fått samlekarakter på 1.

– I Fitjar kommune er det framleis eitt og anna som kan gjerast betre, men på bakgrunn av denne undersøkinga må me vel kunna sei at Fitjar er ein veldriven kommune, der innbyggjarane får levert gode tenester til ein akseptabel pris, bloggar Rydland.

Kommunebarometeret kan du sjå her.