Onar og Harald Westerheim har vore i Erfurt og markert seg sterkt i skeiseløp for veteranar.

Helga 1. og 2. desember var to lokale veteranskeiseløparar, Harald og Onar Westerheim, i den tyske middelalderbyen Erfurt. Her deltok dei i det “9th Masters Interational Speed Skating Erfurt Criterion“. Begge starta i klassen 65-69 år.

Som vanleg gjekk det best med yngstemann, Onar. Han vann 500 m på 44.79, men han sleit litt meir på mellomdistansane. Han fekk tida 1.30.01 og 3.-plassen på 1000 m, og 2.18.18 på 1500 m gav 2.-plass. På 3000 meter gjekk Onar eit jamt og godt løp, der han fekk tida 4.46.43. Desse resultata gjorde at han kom på ei flott 2.-plass samanlagt, tett bak vinnaren Pieter den Dunnen frå Nederland.

Harald kom på ei fin 4.-plass med tidene 49.35 på 500 m, 1.35.14 på 1000 m, 2.23.99 på 1500 m og 4.59.62 på 3000 m.

Neste store utfordring er NM på Geithus 5. og 6. januar.