Idrettsdagen for barneskulane i Fitjar blei avvikla i Fitjar Idrettspark i går med mange gode resultat og god stemning.

Nytt av året var ein «fair play»-pris som gjekk til den klassen som hadde den mest sporty framferda. Klasse 5b på Rimbareid fekk fem handballar for den fine oppførselen sin.

Arrangementskomiteen melder om mange gode resultat og eit nærmast prikkfritt arrangement. Det viser seg år etter år at ungane gler til idrettsdagen, og viser stor innsats. Sjølv om det er sterk konkurranse elevane imellom, ser det ut til at mange klarer å fokusera på sine eigne prestasjonar og gle seg over sin eigen framgang.

Etter dei tre obligatoriske øvingane, stille lengde, kast stor ball og 60 meter, var det valfrie lagaktivitetar, brentball,  landhockey og fotball, medan ei gruppe gjorde saltoar og andre sprell på tjukkasen. Arrangementet blei avslutta med 4 x 100 meter stafett, der utøvarane viste sæleg stor innsats, og idrettsglede.