Dårleg mat eller hygiene i utlandet? Kvar fjerde nordmann har fått ferien øydelagt av «feriemage».

Ei fersk InFact-undersøking syner at 23 prosent har opplevd å få utanlandsferien øydelagt på grunn av dårleg handhygiene eller dårleg mat. Sett i lys av nærmare 900 000 norske «pakketurister» på tur i sommar, tyder det truleg at fleire tusentals av dei kan sjå fram til ein ferie prega av oppkast og diaré. InFact-undersøkinga blei gjennomført 10. juni i år.

Den eine årsaka til problema er at stadig fleire nordmenn vel fjerne og eksotiske destinasjonar, eksempelvis land i Afrika og «nye» delar av Asia. 

– Tidsdifferansen frå du er heime i i Noreg til du sit på ein restaurant i Tyrkia er kanskje berre 8-10 timar. På så kort tid rekk ikkje kroppen å tilpasse seg naturleg frå «heimlege» til «utanlandske» bakteriar. 

Ei undersøking utført av Respons Analyse på vegner av Star Tour viser at interessa for utlandet i år er svært stor. Så mange som 875 000 nordmenn reiser på ein såkalt «pakketur» i sommar.

Tal frå Folkehelseinstituttet og Europeisk Forsikring stadfestar funna i InFact-undersøkinga. Konklusjonen herifrå er eintydig: Di yngre du er, di meir utsett er du for smitte gjennom dårlig mat eller hygiene. – Det er ganske naturleg at dei aller yngste barna er mest utsett. Dei puttar hendene i munnen utan å tenkje på det, og når vi gjennom bakteriestudiar veit at 85 prosent av all bakteriesmitte skjer via hendene, er minstepjokken spesielt utsett, heiter det i ei pressemelding frå Initial presseinfo.