Dan Torbjørnsen i Fitjar Idrettslag har sendt inn følgjande rapport frå våre lokale deltakarar i Mailekene i Haugesund denne helgja.

 

Eitt av dei store høgdepunkta for friidrettsgruppa er Mailekene i Haugesund. Det har etterkvart blittt ein god tradisjon å leggja turen til Haugesund helga etter 17. mai for å måla krefter med andre i regionen.

Og fitjarungdommen svikta ikkje

Rekruttane Johannes og Bjart Sandvik Bø deltok laurdag på 60-meter og lengde. I sterk motvind sprang Johannes inn til heatsiger på den korte distansen. Begge hadde også gode hopp i lengdegropa, sjølvsagt med storebroren Johannes eit hakk føre Bjart.

På jentesida hadde både Anna Sandvik Bø og Natalie Steien ein god dag. Anna sprang inn til finaleplass på 60 meter hekk, og her sette ho like godt ny pers med 11.77 og med det ein solid femteplass.

Natalie kom seg til finalen i både 60 meter flatt og hekk. 9.50 i finalen på 60 meter flatt var ei god tid i motvind og i eit tøft startfelt.

Det var likevel Marius Torbjørnsen som var aller mest nøgd etter dagen. Ny pers i alle tre greiner han deltok i viser at han stadig tek nye steg framover. Resultatmessig vart det andreplass i både 60 meter (9.39), lengde (3.70), medan han etter ein saftig langspurt vann 600 meter på tida 2.01.75. Her var det nesten fotofinish; andre- og tredjeplass var ikkje meir enn åtte og ni hundredelar bak!

Søndag var det eit rufsete vêr med regn og vind. Anna freista likevel å delta på 600 meter og lengde. 2.08.38 på 600 meter gav ein fin femteplass i eit stort heat på over 20 deltakarar. Rett etter var det lengde, og med stive bein og kraftig motvind sette ho likevel pers på 3.26. Dette heldt til ein sjetteplass av 40 deltakarar.

 

Meir frå Maileken finn du på nettsida til Fitjar Idrettslag.