Onar og Harald Westerheim sette årsbeste på alle distansar under skeiseløpa i Berlin i helga.

Denne helga har to veteraner, Harald og Onar Westerheim, vore i Berlin og delteke på the 15th Masters International Speed Skating Master Cup 2012, som vart arrangert for 15. gong i Sportforum Berlin.

Onar sette årsbeste på alle distansar og gjekk heilt til topps på 500 m med tida 43,9. Han gjekk også ein sterk 5000 m på 8.01.02. Samanlagt kom han på 3.-plass tett bak Egil Bokn og Vladimir Kazakov.

Harald settte òg årsbeste på alle distansar (47.96 på 500 m, 2.23.07 på 1500 m, 1.33.46 på 1000 m og 4.55.19 på 3000 m) og gjekk heilt til topps i klasse H65.

No går turen til Erfurt og VM allround.