Glade Fitjar-damer i Sogn melder om ein historisk tredjeplass i Veterancup i Lærdal.

Tredjeplass i klassen for old girls seier dei seg svært godt fornøgde med. I dei innleiande kampane sine i Årdalshallen fredag ettermiddag, spela dei først uavgjort 3-3 mot Follese, før dei sopte Nest Sotra av banen med 3-0. I dag måtte dei tola tap 2-3 for Arna Bjørnar, men gjekk likevel til semifinalen.

Her blei det bråstopp mot vinnaren av den andre puljen, Kaupanger, med 0-5. Men tredjeplassen er eit historisk godt resultat for dei blide Fitjar-damene, framfor lag som Arna Bjørnar, Nest Sotra og Sandviken. Resultat frå kampane til damene og andre lag frå Fitjar og distriktet vårt elles kan du lesa på heimesida til Veterancup.