Tone Brakedal og Johannes Aadland imponerte stort under treningsstemnet i friidrett på Stord i går.

I alt åtte aktive frå friidrettsgruppa i Fitjar Idrettslag deltok under stemnet på Vikahaugane onsdag ettermiddag. Som vanleg var det Tone Sandtorv Brakedal som stod for dei beste resultata. Fjortenåringen kryp stadig nærmare det magiske 7-talet på 60 meter. Med manuell tidtaking er ho der for lengst, men 8,16 elektronisk er ny, flott personleg rekord med 2 hundredelar. Denne tida gir Tone ein 7.-plass mellom alle 14-årige sprintjenter i landet på denne distansen.

Ein annan Fitjar-utøvar som utmerkte seg i går, var Johannes Aadland. Med sine 30 år viste han at det sjeldan er for seint å debutera i friidrett.  7,69 på 60 meter med null starttrening og 200 meter på 24,99 gir håp om at han ikkje lar det bli med dette eine forsøket. Trenar Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag meiner Johannes har talent til å «barbera» 200 meter-tida med halvanna sekund, og kanskje meir. Det har ikkje blitt sprunge fortare på 200 meter av fitjarfolk sidan 1996, då Ole Martin Waage sprang på 24,0 og Arnar Bjordal 23,83. Desse resultata og mykje meir kan du lesa på Fitjarfriidrett.blogspot.com.

Også dei andre Fitjar-utøvarane kom fint frå stemnet i går. Rekrutttane Johannes (7) og Anna Sandvik Bø (9) kom først i sine løp på 60 meter, med tidene 11,56 og 11,37. Linnea Vestbøstad (9) heiv seg over mål 40,39 sekund etter at startskotet gjekk på 200 meter. Eline Fitjar Hjelle debuterte i den teknisk krevjande øvinga spyd, og 8,48 meter er i høgste grad habilt av ein 10-åring. I tillegg sprang ho 60 meter på 11,83. Vilde Vestbøstad (12) var berre fem hundredelar frå pers på 60 meter med 9,84, og sprang ein fin 200 meter på 35,17 sekund.