Fitjar har eit godt lag i 14-årsklassen for jenter, og tysdag innkasserte dei ein ny siger, denne gongen mot Trott 2.

Jentene kom ikkje særleg godt i gang, og det såg lenge dårleg ut med tanke på siger. Gjestene frå Nordbygdo drog nok mest nytte av den sterke vinden i første omgang, og gjekk tidleg opp til 2-0. Men etter kvart jamna kampen seg ut, og det blei mange sjansar til begge lag. Mot slutten av andre omgang stod kampen lenge og vippa, før Fitjar avgjorde med eit par flotte mål.

Etter tysdagens kamp kjempar jentene i toppen av tabellen i J14 2. divisjon avd. 01 i Hordaland Fotballkrets. Etter fire kampar står dei med tre sigrar, eitt tap, og 9 poeng.

Disse flotte jentene var med på å vinna 7-4 over Trott 2 på kunstgrasbanen:
Malin Jensen Westvik, Frida Hatlevik Kjerland, Thea Vestbøstad, Silje Rydland, Oda Rydland, Emilie Helland, Stine Korsvik, Marte Rimmereid, Malin Tislevoll, Susanne Vestbøstad, Ailin Steinsland Vik, Emma Aleksandersen, Caroline Skaar, Tone Sandtorv Brakedal og Ingrid Tveita.