Friidrettsgruppa i Fitjar Idrettslag har hatt 14 utøvarar med på Mailekene i Haugesund laurdag, og best av dei var 12-åringen Tone Brakedal, som vann 60 meter og høgde.

Ein rekordstor Fitjar-delegasjon på 14 aktive deltok på årets Maileker, som gjekk av stabelen i Haugesund 21.-22.05. Igjen var det stortalentet Tone Brakedal som beit aller best frå seg, denne gongen på 60 m og i høgde. Etter å ha cruisa gjennom forsøksheatet på 60 m, levna ho i finalen ingen tvil om kven som truleg er Vestlandets raskaste 12-årige jente. 8,69, i godkjent vind, lyder den nye sterke er personlege rekorden hennar på! I høgdesprang måtte ho justere tilløpet litt undervegs, noko som kosta henne nokre riv på lågare høgder. MEN på 1,35 viste ho igjen nerver av stål og framifrå konkuranseeigenskapar. At ho gjekk over i første forsøk var heilt avgjerande for å sikre sigeren.

Elles i høgdekonkuransen frå Fitjar deltok også Cathrine Koløen (13) og Malin K. Tislevoll (11) for første gong, begge hoppa solide 1,05.Ailin Vik (11) enda like bak med 1,00 m. Desse tre jentene sprang også 60m: Cathrine vann sitt forsøksheat med 9,88, Malin kom på 3. i sitt med tida 10,23 og Ailin på 5. i sitt heat med tida 11,38.

Den som markerte seg nest sterkast på laurdagen var eit anna hurtigtog frå Vestbøstad; Frida Hatlevik Kjerland. Ho var litt uheldig som kom i eit svakt forsøksheat, som ho vann suverent. Tida 9,86 var berre 3/100 sek unna ein finaleplass. Men vi VEIT at unge frøken Kjerland ved neste høve, med raskare konkurrentar opp på sida av seg, truleg kjem endå høgare enn denne svært sterke 9. plassen blant heile 39 deltakarar!

Dei eldste jentene, Guro Rimmereid og Sandra Pedersen 13 år, syner jamn framgang og svært habilt nivå på 60m og i kule. Sandra raskast på sprinten med 9,37 mot Guro sine 9,82. Medan Guro var sterkast i kule med 8,14 m, ein 5.-plass som berre var 15 fattige cm frå pallen. Sandra på plassen bak med fine 7,96 m. Dei yngste jentene, Kaia Rydland (10) og Anna Sandvik Bø (7), mottok begge deltakarpremie for heilhjarta innsats i høvesvis kule og lengde med tilløp.

På gutesida synte Jakob Rolfnes (9) fram kastarmen i liten ball. Rekruttar skal ikkje rangerast for mykje etter resultat, men 19,78 m er langt for dei som lurer! Jakob oppnådde elles 11,15 på 60m og 2,75 m i lengde med tilløp. Bror Daniel (10) gjorde 60 m unna på 11,50 og støytte kula 4,94 m. 11 år gamle Markus Kongestøl Vik kjempa i durabeleg motvind på både 60 m og i lengde, resultata vart 12,13 sek og 2,51 m. 12 år gamle Vegard Aarbø kom inn til 5.-plass i sitt 60 m heat med tida 10,40. I same årsklasse hoppa Martin Pedersen 2,87m i lengde. 13 år gamle Ådne Kongestøl Vik presterte klare nye persar både på 60 m og i lengde med 9,34 og 3,86 m!

Av søndagens resultat kan nemnast ein 2.-plass i kule til Oda Rydland med 8,20 m, og ein 5.-plass til Ingrid Tveita med 6,98 m.

Resultat frå Mailekene finn du på nettsidene til Haugesund Idrettslag:

are anabolic steroids legal