Spennande med kyrkje-bok.

Det var smekkfullt i kyrkja i dag under feiringa av årets hausttakkefest.

Fitjar bygdekvinnelag hadde pynta kyrkja  flott med haustens grøde. Det var saft, brød, frukt, bær og grønsaker m.m.

Ungar frå soknerådsbarnehagen deltok i inngangsprosesjonen med korger med frukt og grønsaker og  dei deltok med sjarmerande song.

40 spende, stivpynta  4- åringar var på plass for å motta 4-årsboka, og dei hadde med seg like spende foreldre og besteforeldre. Dei fleste av 4-åringane hadde og vore i kyrkja dagen før på bli-kjend samling, så dei kjende igjen Olav J. Oma, og kunne seia: «Hei, prest!» til han.

Soknepresten leia gudstenesta og i preika snakte han om den største skatten av alle skattar, den me får av Gud og som det ikkje er plass til i ei skattekiste. Den største skatten av alle er Himmelriket.

Det var og dåp under Gudstenesta, og i dag var det vesle Vilde Waage Wærnhus om vart boren til dåpen. 

Det nye soknerådet som vert leia av soknerådsmedlem Roald Drønen vart og kort presentert under gudstenesta.

Når heile Guds folk frå dei yngste til dei eldste er samla skal det vera litt lyd, sa soknepresten smilande til slutt, før han lyste velsigninga over forsamlinga .

Spennande med kyrkje-bok.