Lyden av motorsag og vedkuttar har lydd mange stader rundt om i bygda.

Dei siste vekene har mange tatt lange økter for å drive fram neste års ved. Tele i jorda og lite snø gjer det lettare framkomeleg når store vedlass skal fraktast med traktor. Det same gjeld for tømmertransporten. Om det har vore stor avvirking av tømmer er uvisst, men store og små tre av lauvskog er i alle fall saga ned og køyrde ut av hogstfelta. Ein del bønder er aktive i vedaskog med tanke på å selje til andre, i tillegg til eige bruk. Bjørkeved er ofte etterspurt, men den har ikkje høgast brennverdi. No er det bøk som toppar lista. Den er ikkje aktuell på våre kantar. Ask og eik er likestilt i brennverdi, og desse kjem også høgare opp enn bjørk.

Me ser og at einskilde nyttar sitkagran til ved. Det blir i alle fall lite oske når ein fyrar med den, men energimengda eller brennverdien er mindre. Det er lite skilnad på gran og furu i så måte. Men fyringseffekten er absolutt brukande, kan ein lese i mange artiklar om vedsortar. I Rimbareidfeltet er svært mykje av desse treslaga saga opp til ved. Rune Longfjeld Rimmereid fortel til fitjarposten.no at det er hogst i samband med ny veg opp til Olstjørn.

Lyden av motorsag og vedmaskin vil nok høyrast lenge enno, sjølv om mildver og minkande tele er i kjømda. Det vert sagt at veden varmer mange gonger. Då tenkjer ein på alt arbeidet vidare frå hogst til ferdig opplødd ved.