Søndag er det igjen klart for arrangementet Godbitar frå Sangboken. Også denne gongen med mykje allsong, solistar og appell.

Songar frå Sangboken er ei vidareføring av det tidlegare arrangementet Minnest du songen. Forskjellen er først og fremst at både solistane sine songar og allsongene er henta frå skattane i Sangboken.

Dei som vert med som solistar i år, er Elin Sørfonn, Tore Vestbøstad, Johannes Olsen og Håkon C. Hartvedt.

I husorkesteret finn me Steinar Vik, Dagfinn Brekke, Elin Sørfonn og Johannes Olsen.

Håkon C. Hartvedt held appell og bind det heile saman.