Alle kjenner Malvin Aarskog og veit at hans store interesse er å stelle med planter og blomar. Den gleda og lysten held han ved like som pensjonist, sjølv om blomsterbua er nedlagt.

Ljoset i den gamle bua ved sida av parkeringsplassen skapte nysgjerrighet, og me fekk lov å ta ein tur inn. Ljoset som skein i mot oss er spesielt berekna på planter. Saman med litt lunk frå varmeomnar gir det gode kår for små spirer i isoporkassene som står på rad og rekke. Allereie 16. desember vart dei første frøa av stemor og knollbegonia sådde, og dei er no plasserte i eit drivhus saman med fiolar og lobelia, der temperaturen ligg på 10 – 12 grader. Voksteren må avpassast slik at plantene vert passeleg store til utplanting i mai. Alle frøpakker vert kjøpte hos LOG i Oslo. Dei må vere EU-godkjente. Det er og viktig med tanke på reine fargar.

Etter nyttår er det sådd frø av blant anna middagsblom, hengepetunia og sommargeorginer. Spanske margeritter vert sådde som frø eller sett som stiklingar rett i blomsterjord innomhus. Lat oss føye til at stiklingane vert duppa i vatn og eit pulver først, for å hindre rotning. Etter ei til to veker spirer dei. Potteroser som vart klypte ned i haust har blitt store og fine, ser me. Malvin har tankar om å så meir frø etter kvart. Eit spørsmål melder seg. Kva i all verda skal alle desse plantene brukast til? Då får me vite at han og eigar av «Galleri Flora» har ei god avtale om vidaresal i butikken til våren og sommaren.


Det spesielle blomsterlyset må til for å få ein passeleg vokster, men det øydela for bileta som vart tekne i blomsterbua. Det er rett å understreke at plantene har fin
grønfarge.