…det vil seie i peparkakebygda Fitjar, som me skreiv om i går.

«Landskapsplanleggar» Sissel frå Fitjar vgs. er godt nøgd med utviklinga i byggeprosjektet, og vonar det held fram. Bileta viser det som er kome nytt sidan laurdag ettermiddag. Kvar dag er det høve til å kome med fleire byggverk av eit eller anna slag. Som nemnd tidlegare går fristen ut laurdag 15. desember.

Me høyrde fleire kommentarar om at det er stilig med ei vindmølle på toppen. Men kva seier så vindmøllesjef Ole Vidar Lunde til dette? – Jo, det ser like flott ut som ute i naturen.