Fitjar møtte Trott til treningskamp heime på kunstgraset onsdag kveld, og vann fortent 5-2 etter 3-0 ved pause.

Trott spelar i 5. divisjon og var vel om lag ein divisjon svakare enn Fitjar, kampen sett under eitt. Men i byrjinga av kampen såg det ikkje slik ut, og dei hadde den første store målsjansen i kampen. Etter rundt fem minutts spel, var det ope i Fitjar-forsvaret, og Trott heada over keeper og i tverrliggjaren.

Men Fitjar tok snart over, og etter vel 10 minutt var det klart for 1-0. Thomas V. Waage fekk tak i eit langt utspel frå Fitjar-keeperen, tok ballen med seg og skaut sikkert i mål frå kort hald. Kort etter la Sebastian T. Thomassen på til 2-0 på ein retur frå kort hald, etter eit godt skot av Jan Åge Tislevoll. Rett før pause fekk Jan Åge god plass inne i Trott-feltet, og scora sikkert. 3-0 til pause var heilt fortent etter mykje fint spel av Fitjar.

I andre omgang heldt Fitjar-gutane fram der dei slapp før pause. Etter vel 10 minutt kunne Helge Træet leggja på til 4-0, då han heada ein retur i mål. Fitjar såg ut til å ha full kontroll, men ut av ingen ting fekk Sindre Grov sjansen til å redusera, då han sette inn ein retur frå Fitjar-keeperen. Fitar gav seg ikkje, og midtstoppar Emil Fitjar fekk gleda av å leggja på til 5-1 etter at han sjølv hadde heada i krysset rett før.

I sluttminutta reduserte Trott til 2-5, også denne gongen ved Sindre Grov. Han fekk lurt ballen i mål frå kort hald, etter eit innlegg frå vingen. Både ved innlegget og framfor mål kom Trott-spelarane merkeleg lett til. Begge scoringane til Trott var lettkjøpte, men med det er det meste negative sagt om kveldens Fitjar-innsats. Heile laget heldt bra tempo, og den sterke midtbanen ser ut til å vera i rute. Det same kan seiast om høgreback Leif André Tangen, som spelte ein gjennomført god kamp. 

Fitjar stilte med dette laget:
Oddgeir Træet, Johannes Myhre, Sander Tverborgvik, Emil Fitjar, Leif André Tangen, Helge Træet, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Sebastian T. Thomasssen, Jan Åge Tislevoll og Thomas V. Waage. Innbytarar: Aleksander Henriksen, Frode Malkenes, Torkel Nesbjørg, Torbjørn Korsvik og Mats Westvik.