Tredjeslåtten er i full gang rundt i bygda, og bøndene fortel at avlinga er bra.

Dei siste dagane har bøndene i Fitjar slege store vidder med eng, og no er dei i full gang med å køyra graset i silo.

Me har snakka med Lars J. Rydland, som køyrer forhaustar, og han fortel på ei krystallklar telefonlinje at arbeidsforholda er fine. Den tidlegare omtalte finsnittaren, derimot, har visst blitt meir til plage enn glede. Delelageret er i Danmark, så den får dei ikkje i orden til denne slåttonna. Derfor må forhaustaren gjera jobben denne gongen òg, slik han har gjort kvart år sidan han kom til gards i 1966. Dei har slite ut mange forhaustarar, men den har vist som ein påliteteleg patent.

Grasavlinga i år ser ut til å vera svært bra. I førstelåtten hadde storfebøndene på Rydland og Årbø 100 mål attelegg, slik at avlinga ikkje blei så stor. Men andreslåtten var god. Aldri har slåtten blitt så tidleg unnagjort i Fitjar som i år, førsteslåtten på Rydland var ferdig 8. juni, og håslåtten til olsok. Når dei attpåtil får ein bra tredjeslått, ser me eit nytt prov på at vekstsesongen for gras på våre kantar har blitt utvida med fleire veker dei siste 50 åra.

Med ein god tredjeslått på nærmare 300 mål eng kan nok storfeet på Rydland sjå vinteren lyst i møte.

Ingressbilete: Forhaustaren har vist seg som ein trufast «arbeidshest» på Rydland i snart 50 år. Foto: Kjetil Rydland.