Den offisielle opninga av festivalen føregår i ettermiddag, men i går kveld starta dei to første arrangementa

Dei som hadde funne vegen til Kultur- og idrettsbygget fekk ei fin og lun oppleving med viser og lyrikk framførde av lokale artistar. Maritimt tema knytt til blant anna hav, fiske og båtbygging gjekk att i mykje av det som vart presentert både gjennom opplesing og song. Akkompagnement på flygel ved Harald Rydland framheva den vakre solosongen til Anne Karin Nilsen, som også deltok saman med Ole André Westerheim på gitar. Ingvild Oma og Audun Mehammer spela flygel og gitar då dei song i lag, medan Andreas Vik trakterte slagverk. Dei vart og akkompagnerte av Aslaug F. Ottestad på ess-kornett.

Eli Simonsen si opplesing av kjende og ukjende tekstar var fantastisk. Det same kan seiast om framføringa til Sigrid Fangel. Flotte bilete på storskjerm framheva stemninga i det dei framførde. Då Harald Johan Sandvik las om bestefaren si oppleving på fiske i Vestfjorden og seinare som båtbyggjar, vart det vist gamle, tilhøyrande bilete.

Ann-Sofie Drønen ønskte velkommen til ein kveld med glad og god stemning, noko ho var med og formidla gjennom sin uhøgtidelege og kvikke måte å leie på. Ordførar Wenche Tislevoll helsa på vegne av kommunen. Ho framheva dei mange talentfulle personane som bur i bygda vår, og saman med kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland gav ho ei lita gåve til kvar artist som var med på vise- og lyrikk-kvelden.

Fitjar Musikklag var ansvarleg for arrangementet. På førespurnad sa ein av medhjelparane at kanskje 150 personar var til stades.

I Fitjartun vart det arrangert Ungdomsdiskotek for dei som skal begynne i 8. klasse og oppover til 18 år.

Alle foto ved Turid Sandvik. Dei vert forstørra når du trykkjer nederst i høgre hjørne.