Årets Tysnesfest er godt i gang, og mange fitjarbuarar har teke turen. Her var det god stemning og yrande folkeliv!

Det var god stemning og eit yrande folkeliv som møtte oss på årets Tysnesfest. Her traff vi på tre karar som var på festival for å underhalde folket med god musikk, og for å få opp stemninga. Tom og trubadurane, som består av Tom Vaktskjold, Årstein Tislevoll og Erlend Christensen nyter festivallivet med øl, musikk, sol og sommar. Desse tre har aldri spelt i lag tidlegare, men det går veldig fint og samhalde er veldig bra fortel dei. På Tysnes har dei har spela både torsdag  og fredag, og i kveld lørdag skal dei varma opp for blant anna A1. Då skal dei dra stemninga godt i gang! Tom Vaktskjold og Erlend Christensen er kollegaer, og spelar saman i bandet KotelettFeber.

Det var mange båtar som hadde tatt turen til Tysnes denne helga, både gamle og nye båtar. Blant anna kunne du sjå «Stord 1» eit gammalt dampskip, skuta «Loyal» og ein gammel nattrute «Sandnes». Du kunne også kvila auga på eit par vakre veteranbilar som hadde tatt turen.

Når sola står høgt på himmelen og det blir spelt god musikk i bakgrunnen, mykje kjekke folk rundt deg, både kjente og ukjente, kan det ikkje bli så mykje betre. Festivalsommaren er i gang og det er berre til å hiva seg på.