I går gjekk Fitjarfestivalen sin festivaljam av stabelen på kulturhuset.

Sigurd Andre Maraas leda jammen og ynskja velkomen klokka 21 til dei vel tretti som hadde tatt turen «tidleg».

The Revivals var fyrst ut på scena, med Rebecca Alsaker og Sigurd Andre Maraas i spissen. Dei spelte klassikarar som dei er kjende for, frå blant anna Creedence Clearwater Revival. Allereie då var det god stemning i salen!

Den yngste på scena i går var 17 år gamle Edith Helland, og ho såg fram til å synga på jammen. – Men eg er veldig nervøs, eg har ikkje sunge for så mange før, fortalte Helland.

– Eit nytt lokalt talent som debuterer i dei vaksnes rekkjer i dag, sa Maraas då ho gjekk på scenen. Og jammen hadde han rett!

Edith Helland opna med 4 Non Blondes songen What’s up, og den unge jenta viste seg å ha ei sterk og særegen stemma. Ho og bandet spelte blant anna kjende songar frå Leonard Cohen og Amy MacDonald.

Raititai Band, med Årstein Tislevoll på vokal, spelte rock med litt meir fart i. Og etter kvart våga nokon få seg ut på dansegolvet for å vrikka på rockefoten.

I tillegg gjorde dei ein særs bra cover av Pink Floyd-låta Comfortably Numb, der Stig Arve Sund frå Os fekk briljera på gitaren sin.

Kveldens debut-band var The Smell of Tjutju, med fleire lokale kjenningar på scena. Dei spelte litt hardare rock enn sine forgjengarar, og favoritten syntes å vere Nirvana.

– Eg skal aldri meir spela sånn musikk, blir jo heilt sliten av da, sa vokalist Årstein Tislevoll til latter frå salen.

Sjølv om det ikkje var så mange overraskande val av songar frå nokon av banda, er det heilt klart at me har mange gode, musikalske talent på Fitjar. I tillegg til dei nemnte spelte også Nils Arve Hellands kvartett og Fitjar Adhook Band.

Dei fleste såg ut til å ha det kjekt på scena, og publikum kosa seg i salen. Utover kvelden kom det fleire og fleire folk på jammen, og det vart seld billettar til vel over 200 personar. Ein kjekk kveld!