Både unge, vaksne og eldre fann vegen ombord i Elieser då den låg til kai på Fitjar i helga. Loddsal, god mat, song og musikk og Guds ord skapte god stemning i salongen.

Betelskipet Elieser 6 ankra opp på meierikaien på Fitjar på laurdag og inviterte til «Eliesertreff» og Ungdomskveld. Rundt 30 menneske i ulike aldrar benka seg rundt borda i salongen då det første møtet starta klokka fire. Møtet vart leia av Håkon C. Hartvedt som er engasjert i Den indre Sjømannsmisjon som redaktør for bladet deira Trygg Havn. Det er Den indre Sjømannsmisjon som eig skipet som seiler langs heile kysten og held møte, bibeltimar og open båt for alle som vil koma ombord.

Dei frammøtte fekk høyra fin song både av Håkon C. Hartvedt og Kjerstin Stokken, dei fekk bli bedre kjende med Elieser og dei fekk flott servering av det husmor Reidun kalla enkel servering, men som var langt frå enkel med flotte smørbrød og kake. Det var og mogleg å støtta Elieser sitt arbeid ved å kjøpa årer, og nokre var heldige å gå heim med ein gevinst eller to i veska.

Elieser er ein stor båt med sengjeplassar til 50 stykke. Eg var heldig å få ei omvising ombord av dagens andaktshaldar og maskinist Helge Krosli. Det var plass til mange, men liten plass kvar. Men så har heller ikkje båten dei siste åra vore registrert for fleire enn 12 overnattande pasasjerar. Til vanleg er dei berre fire stykke ombord på full tid, kaptein, matros, maskinist og husmor. Det er to slike skift som byttar på drifta av båten, som betener heile kysten med bodskapen om Herren.

Etter ein liten pause, slik at dei vaksne fekk koma seg ned landgangen for å gje rom for den yngre garde, starta ungdomskvelden, leia av ten-treff sin vaksenleiar, Kjerstin Stokken. Dei hadde ein mjuk oppstart med det motorisk krevjande spelet Twister, og det vart dei ikkje så snart ferdige med. Skulane har haustferie og ein del er vekkreist, så på dette møtet vart det romsleg og ei uformell og trygg stemning. Det var allsong med eige tremanns, ikkje hus-band men båt-band, andakt ved Håkon og eit flott koldtbord med bl.a. kylling, varme karbonadar og skikkeleg cola. Tida gjekk fort og snart var foreldra på veg for å henta ungdomane, men den annonserte lynutloddinga var det heilt uråd å utelata, då fekk heller foreldra koma ombord og venta. Gevinstane vart svært ulikt fordelt, men som dei gode nestane dei var, delte dei med dei andre etterpå. «Dette var så kjekt at eg har lyst å ha ten-treff på båt kvar gong. Eg har ein plastbåt, kanskje me kan bruka den neste gong?» utbraut ein av gutane då det var over.

Og det må i tilfelle bli ein annan båt enn Elieser neste gong. For på mandag skal Elieser på verkstad og få skifta motor, så då vert det ein pause i reisa og møteverksemda deira, i alle fall til utpå nyåret ein gong.