Foto: SIM

Etter fyrste heile innsamlingsrunde har SIM fått inn 192 tonn glas- og metallemballasje. – Store mengder, men det er nok ikkje heilt representativt for korleis det vert, melder SIM.

– Me reknar med at talet vil gå ned når ordninga kjem «skikkeleg» i gong, men det er uansett veldig bra, fortel Janne Hillersøy, plan- innkjøp og kommunikasjonsansvarleg i SIM.

Ho legg til at selskapet er godt nøgde med oppstarten, og fortel at sjåførane deira har tømt om lag 22 000 dunkar på to månadar.

– Kundane har i stor grad fått med seg korleis den nye ordninga fungerer, fortel Hillersøy, som vil rosa abonnentane.

– Det er nokre som ikkje har fått med seg at det berre er glas- og metallemballasje som skal i dunken, og ikkje alt av glas og metall. Men me trur dette etter kvart vil bli kjent for alle, påpeikar Hillersøy.

Godt motteke

Til samanlikning kan ho fortelja at mengdene som vart samla inn på returpunkta for glas og metall i same periode i 2019 var 104,1 tonn. Noko som tilseier at ein allereie no er på god veg til å få inn ein heil del meir gjennom henteordninga.

– Det er bra, i og med at me veit at desse fraksjonane er svært gode å gjenvinna, seier Hillersøy.

Den nye ordningane SIM har innført med henteordning for glas og metallemballasje har blitt godt mottekne av abonnentane. Ein har hatt få driftsproblem hittil og tilbakemeldingane er gode

– Litt vil det alltid vera med oppstart av noko nytt, men abonnentane har teke dette på strak arm, og gjort sitt til at det har gått veldig bra, avsluttar Hillersøy.