Det vart sett ny rekord på kveldaseta i går.

Då Stine Korsvik ønskte velkommen til kveldasete i går, var det fullt rundt alle bord i gymsalen på Øvrebygda skule.
Ho orienterte litt om kva pengane i årets TV-aksjon skal gå til, før alle elevane framførde tre songar. Det lydde så vakkert og klangfullt då dei song En himmel full av stjerner, og då ein engelsk song stod for tur var desse forsongarar: Silje, Mari, Emilie og Stine. Like engasjerte var elevane då dei song Jeg tenner et lys i mørke, et lys for fred på vår jord.
Åresal var som vanleg populært denne innsamlingskvelden, og det gjekk lett for elevane då dei selde årer til familie og bygdefolk. Mange fine gevinstar vart fordelte under trekkinga, og dei minste elevane trong kanskje litt hjelp når dei skulle bere gevinstar rundt i ein fullpakka sal. Medan åresalet føregjekk, var det høve til å kjøpe saft, kaffe og god heimebakst, og folk kosa seg og prata saman. Elevane var også med og selde i kaféen. Både små og store gjekk ut i hallen der det var sal av elevprodukt og ein tippestasjon. Eit syltetøyglas fullt av seigemenn og anna snop kunne nok freiste til fleire tippingar.
Seinare på kvelden fekk me på telefon vite at det vart samla inn 26841 kroner på dei to timane kveldaseta varde, og dermed vart det ny rekord i år og, om lag 1500 meir enn i fjor.
Som kjent skal pengane gå til Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å fjerne miner og klasebomber i krigsherja land. Teksten på rektor si t-skjorte minna om Tv-aksjonen sitt føremål Vi rydder for livet.