Håvard Helland blei nummer to i den største rallycrossklassen medan Oliver Andre Matre tok sjetteplassen i bilcross junior då motorsportsesongen opna i Bergen i dag.

Etter denne seongopninga var heile racingtaemet over måte fornøgd då dei kom heim til motorsportbasen på Rydland laurdag kveld. Mest fornøgd av alle var nok Oliver André Matre, som stiller i bilcross junior. Med dagens sjetteplass på Eikåsbanen i Åsane er han allereie kvalifisert for landsfinalen, som går av stabelen på Bollandsmoen i Melhus, sør for Trondheim, laurdag 27. juli.

Oliver fortel til Fitjarposten at han er svært glad for ein slik flying start på sesongen. Han har aldri kjørt på banen i Bergen før, og ikkje har han fått trent noko heller. Men han må ha kvitta seg kjapt med «rattrusten», for allereie i første innleiingsrunde gjekk han heilt til topps. I andre runde måtte han nøya seg med andreplassen, etter ein aldri så liten amatørtabbe som gjorde at motoren berre gjekk på tre sylindrar. Men med førsteplass i siste innleiingsrunden var han solid kvalifisert for B-finalen. Her blei han nummer to, og dermed nummer seks samanlagt. Akkurat godt nok til sikra seg ein plass i landsfinalen! I konkurranse med 35 andre førarar må dette seiast å vera ei flott sesongopning.

Håvard Helland kjører i den største rallycrossklassen, der deltakinga ikkje er så stor. Men Håvard i sin nyoppussa Volvo 440 fekk ein pangstart. Han vann siste innleiingsrunden, og i finalen leia han heilt til det berre var 3/4 runde igjen. Då måtte Håvard ut i alternativsporet, og Lars Reidar Frøyland sneik seg forbi. Håvard fortel at han sleit litt med rattrust i byrjinga, heller ikkje han har fått trent før løpet i Bergen. Bilen var litt vanskeleg å halda styr på, den er både kortare og kraftigare enn den han har kjørt dei siste åra. Men etter kvart som han fekk justert bilen ned framme, fekk han betre kontroll. Alt i alt fungerte bilen godt, og Håvard reknar med at det er berre mindre justeringar som må til før NM-runden i Vikedal 25. mai. Før den tid reknar Håvard med å få seg ei treningshelg på banen i Vikedal. Det er dette løpet som er det største for Håvard denne sesongen, så det gjeld å vera best mogeleg førebudd.

For dei to andre racerane frå Fitjar blei innsatsen sånn midt på treet i dag. Gisle Aarbø kom seg ikkje til finale i sin debut i bilcross senior, etter at han blei uplassert i første innleiingsheat. Det eine staget til vindusviskaren rauk, som følgje av dårleg mekanikararbeid. Dermed måtte Gisle bryta, og 3. og 4. i dei to siste innleiingsheata var ikkje nok til å sikra seg finale. Jonas Heggøy debuterte i ordinært bilcross junior på ein bane han aldri har kjørt på før. Derfor har ikkje han nokon grunn til å vera misfornøgd med innsatsen i dag, og kjem sterkare att.

Neste stopp for bilcrossførarane er Vikedal 1. mai, då er det sett opp løp som erstatning for sesongopninga som måtte avlysast på grunn av sein vår.