Fem førarar frå Fitjar Racing Team har vore i Vikedal og kjørt jamt godt under jubileumsløpet i helga.

Sesongavslutninga for bilsporten i år markerte at det er 30 år sidan det første løpet på banen i Vikedal, som stod klar til bruk i 1983. I seniorklassen var heile 89 påmelde førarar, og 80 stilte til start då det heile braka laus.

Av dei unge seniorane frå Fitjar var det som vanleg Gisle F. Aarbø som gjorde det best. Han kom heim med pokal for 14.-plassen samanlagt, etter at han blei nummer fem i semifinalen. Her fekk han problem med motoren, og dermed blei det ikkje finale denne gongen. Men han viste mykje god køyring i innleiinga, med tre heatsigrar.

Også kompisen hans frå Ovbygdo, Jonas Koløen Lønning, hadde ei oppløftande helg i Vikedal. Han hadde to heatsigrar i innleiinga, men snurra ut frå start i fleire heat, og kom seg ikkje til semifinale. Likevel er han godt fornøgd både med bilen og seg sjølv etter innsatsen. For tredjemann i seniorklassen, Håvard Dalen, blei det ikkje topplasseringar. Men han er ny i gamet, og klagar ikkje over eigen innsats.

I juniorklassen nådde ikkje Jonas Heggøy opp denne gongen, og han blei vinka av for tjuvstart i andre heatet i dag. Den andre junioren, Oliver A. Matre, gjorde det som vanleg svært godt. Han vann semifinalen sin, og låg an til ein andreplass i A-finalen då han trefte autovernet og snurra vekk frå ein pallplass. Han måtte nøya seg med ein femteplass til slutt, blant 22 startande i sin klasse.

Sjølv seier Oliver til Fitjarposten at han er godt fornøgd med eigen innsats. Ikkje minst fordi motoren fungerte så godt. Dette er ein motor som eigentleg skulle vore send til overhaling, men som han sette på plass i siste liten for i det heile å kunna delta i løpet. Sjanse på førsteplassen meiner han uansett at han ikkje hadde. – Alle dei andre bilane i A-finalen har forhjulstrekk, seier Oliver, og dei er mykje meir effektive rundt banen. Derfor meiner Oliver at han må vera fornøgd med å klara seg så godt i finalen.