Fitjar sitt damelag i handball vann 37-8 mot Kjøkkelvik 3 i sin siste heimekamp, og vert truleg nr 4 i 5. divisjon. -Ein god sesong, meiner trenar Trond Arnevik. Bilete: Trenar Arnevik med barnebarnet Isak, Charlotte Levåg og leiar i handballgruppa i Fitjar, Kari Raunholm. Arkivfoto:FP/KR

No skal det seiast at Kjøkkelvik stilte med berre seks spelarar. -Men det kan vere vanskeleg å spele mot eit lag som har ein spelar mindre. Ein kan så lett tru det blir enkelt å vinne, og så er ein ikkje skjerpa. Det skjedde ikkje med Fitjardamene. Dei heldt konsentrasjonen oppe og kunne sjå svært hyggjelege tal på tavla då kampen var over.

Desse skåra for Fitjar i går: Randi Thorland (10), Miriam Almås (10), Julie Jensen (6), Ingvild Rimmereid (3), Marita Nysæther (2), Charlotte Levåg (2), Lisa Folkedal (3) og Helene Rimmereid (1).

Treningsvillige
Arnevåg skryt av damene, med Charotte Levåg i spissen, sin treningsiver og stå-på-vilje. 

-Utfordringa er rekrutteringa. No har me ein stall på 10-12 spelarar, men eg vonar me kan få inn att nokre av dei som slutta i fjor, pluss nokre nye, seier trenaren.

Han ser òg eit potensial i ein del yngre spelarar i 14 – 15 års alderen  som syner lovande taktar. Men dei i må bli 16 før dei får spele i seniorserien.

-Alt i alt ein god sesong, seier Trond Arnevik, til slutt.