Ole Bergesen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg fortel om god respons etter at han gjekk ut på fitjarposten.no med oppfordring til å kjøpa bilettar til Vamp-konserten. Men enno manglar det litt…

-Det tyder at i stadenfor å avlysa konserten med ein gong, gjev Vamp, som er nøydde til å ha svært gode publikumstal for å koma i mål med det store opplegget dei køyrer i år, fitjarkonserten ein sjanse til, seier Ole Bergesen.

-Men det er viktig å understreka at me ikkje er i mål enno, så no vonar eg berre at folk vil fortsetja med å kjøpa billettar, slik at VAMP kan sjå det økonomisk ansvarleg å ta turen til Fitjar, legg han til.

Bilettar kan tingast på: www.billettservice.no eller på post@fkib.no.

Du kan òg nytta sms til : 941 32 310.

Men altså: Ikkje vent for lenge med å bestilla. Då kan det vera at det ikkje blir nokon Vamp-konsert her i bygda i haust.