Det kom fleire svarbrev og me takkar Fitjarposten sine lesarar for interessa.

 

Insektet som me viste bilete av på måndag heiter kjempetreveps. Namnet høver jo godt då dette er ein av dei største vepseartane i Noreg. Ein av innsendarane skriv at vepsen er ikkje farleg og han har ingen brodd å stikke med. Biletet viser at vepsen er ei ho, der ein tydeleg ser eggleggingsrøyret som stikk ut bak. Vepsen legg egg i stokkar av bartre. Larvene gneg i kjerneveden. Kjempetrevepsen kan bli opp til 44mm.