Her kjem du ikkje inn – bruk billettappen og gå inn bakdøra. Foto: Kjetil Rydland.

Nokre media har meldt at det er gratis å reisa på ulike transportmiddel i Vestland fylke. Dette er ikkje korrekt, heiter det i ei pressemelding frå Skyss/Kringom.

Skyss/Kringom har innført stopp av kontantbetaling på buss og stopp av alt manuelt billettsal på ferjer og båtar i Vestland fylke til og med 22. mars. I Kringom sitt område («Sogn og Fjordane») er det framleis mogleg å betala med bankkort på bussen.

Nytt kontantlaus betaling

– Vi oppmodar reisande om å nytte kontaktlaus betaling (utan inntasting av kode), skriv pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss/Kringom.

Som tidlegare meldt, vil selskapa oppretthalda billettering som kan gjennomførast utan at det er kontakt mellom billettør og kunde. Skyss/Kringom jobbar med å finna alternative betalingsløysingar der det er behov, til dømes ved hjelp av Vipps.

Billett-appen til Skyss finn du på nettsida til Skyss.no. Her finn du òg opplysningar om ymse restriksjonar i samband koronaepidemien.

Ikkje gratis!

Med tanke på smitte er det ønskjeleg at berre dei som må, er ute og reiser. Skyss/Kringom understrekar i pressemeldinga at dei er avhengige av billettinntektene for å oppretthalda kollektivtilbodet:

– Det er difor viktig at reisande tek ansvar og sørger for å skaffe seg gyldig billett, sjølv om nokre av salsmetodane blir stoppa. Dette er ein krevjande situasjon vi må stå i saman!

Åleine i bussen frå Leirvik for første gong på 15 år!

Etter ein samtale med ein av dei lokale bussjåførane våre kan me slå fast at det ikkje er mange som tar buss for tida.

– Eg er mykje åleine, fortel han. Denne veka har det hendt at eg har køyrt heilt åleine frå Leirvik til Fitjar, og det har eg ikkje opplevd på 15 år!

Folk ser altså ut til å ha teke oppmodinga om ikkje å reisa i utrengsmål, og du treng ikkje vera veldig redd for smitte om du blir nøydd til å ta bussen.