God plass i Fitjar kyrkje i dag. Foto: Kjetil Rydland.

I ettermiddag har Fitjar kyrkje vore open eit par timar, og me kan konstatera at det var svært god plass.

Som kjent er det unntakstilstand i kyrkja i desse koronatider. Dagens gudssteneste var ikkje open for ålmenta, men blei overført over Internett på YouTube-kanalen til Fitjar kyrkje.

Frå klokka 16 til 18 i ettermiddag var kyrkja open for dei som ville inn for ei stille stund, og kjenna på påskestemninga. Dette tilbdet var det yttarst få som nytta seg.

På slutten av dagens opningstid var det berre dei to vaktene som var til stades i kyrkja. Bodil og Johannes Nesse fortel at dei nesten ikkje har sett folk i kyrkja i dag.

Å passa på smittevernet har såleis ikkje vore noko problem, og dei har på ingen måtte brukt opp spriten. Johannes nyttar derfor høvet til å minna om at kyrkje er open både i morgon, langfredag, og første påskedag. Ta gjerne turen!