Skal skal ikkje opna boksen og sjå i turboka? Her gjeld det å vera konsekvent, spriten kan brukast til noko meir nyttig. Foto: Kjetil Rydland.

Under det vindfulle, men fine turvêret i går var Fitjarfjellet så å seia folketomt i området sør for vindmølleparken og nord for kommunegrensa til Stord.

I dette området er det nok meir fredeleg til vanleg også, enn i området som me når enklast frå Olstjødno, nemleg vindmølleparken i Midtfjellet og Kidno. Men i det sørlege Fitjarfjellet er det mange bøker å skriva seg inn i, og bord og benker både her og der.

Dei nye smittevernreglane for turfolk har kome opp på strategiske stader ved dei ulike innfallsportane til fjellet. Foto: Kjetil Rydland.

Med så lite folk var det veldig freistande å lata som ingen ting, og skriva seg inn i turbøkene som vanleg. Sjansen for å bli smitta skulle ikkje vera veldig stor, og sjansen for å bli sett yttarst liten …

Likevel valde Fitjarposten sin utsende i buskar og kratt å følgja lojalt retningslinjene frå Fitjar kommune og Stord Fitjar Turlag. Det er ikkje eit stort offer å vera solidarisk og følgja reglar som gjeld alle andre.

For at nokon skal bli smitta, trengst det to partar. Dersom alle gjer det rette, etter beste evne, minkar smitterisikoen, og sjansen for å spora smitten aukar. Dersom me ikkje bryr oss, aukar sjølvsagt smittefaren, og sjansen for å spora smitten er svært liten.

Dette var dagens moralpreik, hugs at det skal to partar til for å overføra smitte, ein som blir smitta, og ein som spreier smitta! Kven som er kven, veit me ikkje alltid, og det gjer sporing vanskeleg.

I Fitjar er det hengt opp plakatar med korona-fjellvettreglar i Midtfjellet og andre strategiske innfallsportar til fjellheimen. Ta deg tid til å lesa dei, og respekter dei!

Hald avstand på to meter til dei du treffer på og vil prata med!

Ikkje bruk gapahukane og borda som er sett ut!

• Lat vera å skriva deg i bøkene som er lagt ut!

Gjer elles det du kan for å hindra smittespreiing!

Der elva frå Kongsskogvatnet renn ut i Klovskarvatnet, er det freistande å opna turboka, men det er best å la vera. Foto: Kjetil Rydland.