Badevakt Gyrid Sæterbø framfor bassenget på Rimbareid. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

I går starta Fitjar Idrettslag og Frivilligsentralen opp att badinga på Rimbareid skule, men det såg ut til å vera god plass i bassenget.

Vatnet var varmt i bassenget, og det var kaldt ute, men berre rundt 20 barn og ungdommar fann vegen til bassenget i går kveld.

Badevakt Rune Brakedal reknar med det blir fleire etter kvart som fotballtreningar og andre uteativitetar avtar.

Me kan i alle fall slå fast at vatnet var varmt, og at dei som hadde fått med seg at badesessongen har begynt, hadde gode forhold.

Me minner om at det er bading kvar måndag framover mot jul.