Både nytt Tensingkor og KRIK har starta opp igjen. I kveld møtte rundt 50 ungdomar for å ta del i tilboda.

Koret startar først. Klokka 19.00 dro Pia (Ann-Sofie Drønen) i gang oppvarminga, og over 30 unge frå 8. klasse og oppover var ivrig med, både i oppvarminga og songen. Solistar mangla det heller ikkje på. Det bur mykje songtalent i denne gruppa.

-Utfordringa no er å byggja opp eit band til å spela, seier Pia til Fitjarposten.no.

Ein del av ungdomane gjekk over til KRIK då dei begynte kl. 20.00, og dermed var dei 20 – 30 stykker der òg, leia av nyepresten NOBU og Terje Andreassen. Til saman var det rundt 50 ungdomar i Kulturhuset denne kvelden.

Sidan fleire av ungdomane vil vera med begge plassar, vil ein frå neste gong starta koret kl. 18.30, slik at korøvinga er ferdig når KRIK skal begynne. Då er det høve til å få med seg både kor og KRIK same kvelden, noko mange av ungdomane gav uttrykk for at dei hadde lyst til.

Men det vil bli opplegg for dei som ikkje ønskjer å gå på KRIK etter korøvinga òg. I kveld samla til dømes Pia ei jentegruppe som lærte seg meir om bruk av neglelakk, og jammen heiv ikkje nokre gutar seg på der òg.