Trass i det forrykande uvêret vart det retteleg bra med folk i sentrum då ordførar Wenche Tislevoll gav klarsignal til å tenna julegrana kl. 17.00 i går.

Slik hadde det så visst ikkje vore heile dagen. I tretida på ettermiddagen var det beint fram ufyseleg å vera ute, for ikkje å snakka om på kaien. Vår reporter som skulle ta bilete av dei frådande bølgjene, fekk verkeleg kjenna på det. Ei skikkeleg storbåre fekk han over seg, slik at han måtte gå heim og tørka både seg sjølv og kameraet. På denne tida var det heller lite folk i sentrum.

Fakkeltoget vart viseleg avvist av omsyn til sikkerheit. Gang rundt juletreet vart det heller ikkje noko av i den ofselege vinden. Men folk flokka seg i livd ved Larsen-bygget, og det vart gordord frå ordføraren om tida me no går inn i, vaffelsal ved niandeklassane, skogskaffi i bondelagsregi og vakker julemusikk av nyleg premierte Fitjar Skulekorps, dirigert av Ole Christian Ottestad.

Tradisjonen tru fekk òg julesongane lyda ut i desemberkvelden. Både store og små røyster klarte seg godt i vinden med Tom Rydland som forsongar. Seinare på kvelden var det kino, lysmesse og forfattartreff på Biblioteket. Brukbart med folk var det alle plassar.