Songen «En stjerne skinner i natt» var ein av songane som blei spelt på bedehuset torsdag kveld, men dei stjernene som skein sterkast, var Fitjar skulekorps og FItjar barnegospel.

 Det er ein kommersiell radiokanal i Norge som hevdar at dei ber fram lyden av Norge. Om dei verkeleg er lyden av Norge, får vera opp til kvar einskild å avgjera. Men i Fitjar bør det ikkje vera særleg mykje tvil om at to av aktørane som ber fram lyden av Fitjar, er skulekorpset og barnegospelkoret. Og dei leverte denne konserten òg.

Det var andre året på rad at desse musikalske slo seg saman, og dirigent Svein Roger Koppang i korpset slo fast at når noko skjer for andre gong på rad, er det for ein tradisjon å rekna.

Koret og korpset klarte i kvar si avdeling å visa mangfaldet sitt. Begge trekte vekslar på flinke solistar, og god støtte når heile gruppa musiserte saman. Korpset spelte mange gjenkjennelege songar, og barnegospelkoret song frå sitt repertoar av full hals.

Når så avslutninga var Deilig er jorden var det nok fleire enn dirigent Koppang som kjente på julestemninga i løpet av denne kvelden.

Det er litt urettvist mot koret og korpset å prøva å gjengi inntrykka frå konserten i tekstform eller trilla ein terning om så skulle vera, for ein konsert er framfor alt ei oppleving. Og for å få eit skikkeleg inntrykk av ei oppleving, bør ein nesten vera der sjølv. Underteikna kan for eigen del seia at å sjå og høyra så mange ungar som syng med av hjartans lyst er kjekt, og som gamal korpsmusikant som hadde variabel klang i instrumentet er det berre å bøya seg i støvet for det korpset får til gong etter gong. Slike konsertane viser kor mange flinke ungdommar og born me har i bygda, og ein må ikkje gløyma dei som står på som leiarar og dirigentar  i tida mellom konsertar og andre opptrinn. Det arbeidet står det respekt av.