– No ser det ut som me får både dugnadsfolk og vakter nok, så då er det berre å vona at vêret vert lagleg, seier festivalsjef Roy Tore Torvund framfor Fitjar Festivalen som startar i morgon.

Litt regn går bra, men klaskregn vil han helst ikkje ha.

– Men eg vel å vera optimistisk, seier han til fitjarposten.no.

Då me var nedom Sjøsio tidlegare i dag, var ein gjeng ungdommar i full gang med å setje opp utescena, trygt og erfarent leia av Ivar Hovland.

Så er det berre å oppmoda folk til å trekkja ned i sentrum når det heile opnar med gratis blautkake til alle kl. 17.00 fredag.

Berre Sjøsida-området vert sperra av. Alle dei andre parkeringsplassane vil vera tilgjengelege.