Fitjar Karate Senter var i Bergen i helga og henta heim både gode opplevingar og medaljar.

Det er Bente Bertina Ringheim Koløen som melder dette til Fitjarposten. Den lokale karateklubben vår hadde desse 11 representantane med i JKA Cup jr. i Bergen sist laurdag: Christina Koløen, Rebecca Koløen, Morten Korsvik., Vegar Vik, Jonas Forland,  Alexandra Maraas, Katarina Maraas, Martine Korsvik, Victoria Maraas, Jedrek Rutkowski, Benjamin Fjelltun.

Stemnet blir rekna som eit av dei største i Noreg, ein slags juniormeisterskap med rundt 200 deltakarar. Fitjar-ungdommane beit godt frå seg, og fekk med seg heim til saman åtte medaljar i dei ulike klassane. To gull-, ein sølv- og fem bronsemedaljar kunne dei pakka i bilane til Engevik & Tislevoll AS før dei køyrde heim.