Mens ein andre plassar i landet snakkar om mindre julehandel i år enn i fjor, er handelen i Fitjar stort sett som i fjor.

Det er inntrykket me sit att med etter ein runde i ein del av butikkane i sentrum. Der spurde me både om handelen generelt og om nokre av varene deira peika seg ut som spesielt populære.

Vidar Larsen hos Larsen Multihandel meiner det ligg litt over fjoråret med omsyn til julehandelen. – Det mest populære er nok drillborar, sjølv om me sel «da meste», seier han.

I blomsterbua hos Malvin Aarskog står vakre raude julebegonier klare. – Til no har me likevel selt mest julestjerner, seier Malvin, som ikkje har merka noko særleg stor forskjell på julehandelen i år og i fjor. – Det me sel mest av no er kransar, får me vite.

På Stord Videokiosk har Margareth Hillestad ein pizza klar for steiking når me kjem innom. Ho fortel at det likevel er hamburgarar, chips, snop og brus dei sel mest av. Elles går det litt bøker. Når det gjeld julehandelen, meiner ho at han så langt ligg litt under fjoråret.

– I fjor gjekk det på ski, akebrett og skeiser. I år har det gått på andre ting. Det har sjølvsagt med vêret å gjera. Handelen har likevel vore om lag som i fjor, opplyser Alice Haukeland i MX Sport. – Jakker og allvêrskåper har vore mest aktuelt så langt i år, legg ho til.

«Theodoren» har rikt utval av gåveartiklar i tillegg til sko og bøker, for å nemna noko. Han sel litt av alt. Mest populært er likevel smykka, meiner Laila Træet Korsvik, og held fram døme på det.

Karsten Vestbøstad hos Rydland har selt ein god del pc-ar og TV, men mest mobilar. Spesielt populær er Samsung Galaxy SII, smiler han. Unn Vigdis Skåtun opplever at englar er mest populært mellom det ho sel. Totalt sett er julehandelen i Varehuset Rydland på same nivå som i fjor.

Lenger nord, på Fitjar Servicesenter, kan Kjersti Ivarsøy fortelja at dei mest populære gåvene folk kjøper der er verktøy, lommelykter og slikt. – Kanskje litt mindre enn i fjor, svarer ho på spørsmål om julehandelen.

Sander og Sebastian Thomassen selde juletre på parkeringsplassen ved Rådhuset, og i dag var siste dagen dei selde i denne omgangen. – Me har berre edelgran. Det er den som er populær, for den drysser ikkje, får me vita av gutane.

Me hadde òg ei uhøgtideleg spørjing på Spar og REMA om kva for julemat dei selde mest av. – Pinnekjøtt, var svaret begge plassar.

På Fitjar Fjordhotell og Cafe Annemor var det derimot ein kombinert juletallerken som «toppa lista».