-Eigentleg hadde me tenkt å ønskje lyttarane våre God jul radioen, men no må det bli gjennom fitjarposten.no, seier redaktør Ole Haukeland.

Årsaka er at lynnedslag natt til laurdag herja med overføringslinja til studioet i Fitjar bedehus, og ein god del av det tekniske utstyret er øydelagt.

-Det blir vanskeleg å få reparert / bytta utstyr før jul, fordi firma som leverer har teke juleferie. Så r feila kan bli retta, veit me ikkje per i dag, opplyser Haukeland,

Ingressbilde: Ole Haukeland i studio. arkivfoto: FP/HCH