Rundt 30 personar fekk med seg omvisinga på Osternes festning i slutten av Fitjarfestvalen. Bilete: Gruppa til Odd Jarl samla på «Garasjeplassen». Foto: Håkon C. Hartvedt

Den eine gruppa vart leia av Odd Jarl Larsen. Den andre av Ingmund Bjordal. Fitjarposten følgde førstnemnde i starten på runden.

Odd Jarl Larsen samla gruppa i «Garasjeområdet» og kunne fortelje at Foreininga Osternes Festning har fått lov av grunneigar til å tilbakestille området til slik det var under krigen. Såleis har ein hatt dugnad i tre år. – Mykje av tida har gått til å ta ned tre og buskar, men me vonar òg å få på plass meir materiell etter kvart, sa Larsen.

Han fortalde vidare at festninga under krigen hadde namnet: «Batteri 504 Selbjørnsfjord», at tyskarane allereie i aprildagane i 1945 var på synfaring i området og at arbeidet med festninga begynte allereie i mai. Det kom raskt på plass fire hovudkanonar – og festninga var operativ allereie i november 1940. 

– Dei første åra var det gamle kanonar, men i 1943 kom det nye. Dei var så gode at det norske forsvaret brukte dei etter krigen – heilt fram til år 2000.

Til saman var det 150-160 tyskarar stasjonert på Osternes, og frå juli 1943 kom òg eit tredvetals russarfangar til plassen, fekk me vite.

Interessant og lærerikt
Så fortsette gruppa til ammunisjonsbunkaren og vidare til den sivile delen av leiren – før turen gjekk til kanon- og mitraljøsestillingane.

Etter det Fitjarposten kunne registrere hadde Odd Jarl Larsen eit svært interessert publikum med seg rundt i lendet, og som ein sa det: -Eg visste ein del før om dette. No veit eg mykje meir.

Ved ammunisjonsbunkeren. Foto: Håkon C. Hartvedt