Fitjar Idrettslag har sju løparar med under KM i orientering på Voss i helga.

Best av Fitjar-løparne under dagens konkurranse var Per Audun Kloster. Han sprang inn til ein fin 3.-plass i klassen H60. Øyvind Skålevik og Sigmund Sætre blei nr. 16 og 17 i klassen H50. Fitjar hadde og med to deltakarar i nybyrjarklassen, Daniel og Jakob Rolsnes, og begge fekk premie.

I morgon spring Rolf Atle Rolfsnes, Sigmund Sætre og Per Audun Kloster stafett for Fitjar.

Resultatlister og meir informasjon frå arrangørklubbane:
http://www.gneist.no/or.index.htm